– Førstkomande søndag er det igjen klart for den årlege juletrefesten for heile bygda. Ole Bergesen fortel at sjølv om datoen er 9. januar, så håper ein at gamle og unge, store og små finn vegen til Idrettshallen denne dagen, for å treffa venner og kjente, ha det sosialt i lag, seia godt nytt år til kvarandre og samstundes få oppleva eit mangfaldig program!

– I år har me fått med oss jentekvartetten ”Praise Him” til å gle oss med vakker song! For dei som ikkje har opplevd denne kvartetten, er det berre å gle seg! Vidare får me songinnslag ved lokale unge songarar som har utmerkt seg i året som har gått. Fitjar Skulekorps, i tett samarbeid med Tom Rydland, tar oss med på jula sine kjente og kjære julesongar når det blir gang rundt juletreet! Eit nytt flott juletre, «for anledninga frå Levågslio», seier Bergesen.

Elles blir det sal av graut, både rømmegraut og risgraut, pluss pølser i brød, brus og popcorn, kaffi og kaker. Loddsal med fine gevinstar innhenta frå det lokale næringsliv, vert det òg. I tillegg vert det trekning på inngangsbilletten.

Men hugs at det er gratis å koma inn.

– Ordførar Harald Rydland er med og kastar glans over arrangementet, oppsummerer jubileumsåret som har gått og tar oss inn i det nye året! Det er òg stort sannsyn for at trekkspelet er innan rekkjevidde hos ordføraren denne dage!

Så ta turen på juletrefest sundag 9. januar kl. 15.00! Ein fin start på det nye året!, oppmodar Bergesen, til slutt.