Det var kjekt med alle folka, det var kjekt å gå rundt juletreet og det var veldig kjekt at nissen kom, strålte ein stor flokk med ungar på veg heim frå årets juletrefest i idretthallen.

Men dette var langt ifrå ein fest for berre dei som venta på nissen. Dette var ein fest for folk i alle aldrar, og her var minst tre generasjonar samla. 

Eit stort juletre stod pynta med lys i eine enden av idrettshallen og det var dekka med småbord i heile resten av hallen, då det for fjerde år på rad vart invitert til stor juletrefest i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Inne i hallen lukta det popcorn, betasuppe og kaffi, og det var både saltmat og søtmat å få kjøpt i kiosken. Det var satt av svært god tid til å prata og nyta det ein fekk kjøpt i kiosken.

Festprogrammet bestod av åresal, nokre musikalske innslag og helsing frå ordføraren.

Ingrid Skår Bergesen og Silje Rydland framførde to flotte julesongar akkompagnert av Harald Rydland på piano. Ei gruppe som konferaniser Ole Bergesen kalla Karine med band, framførde og to fine julesongar. Med Dagfinn Brekke, Steinar Vik, Elin Sørfonn og Johannes Olsen i bandet og Randi E. Brekke, Karine Lillenes, Karin Stokken og Kristian Vestbøstad på song fekk bygda møta ei ny dyktig musikalsk gruppe som me gjerne vil høyra meir til. Alle songinnslaga var verkeleg med å løfta festen til ein fest og hadde fortent betydeleg meir vørdnad enn å fungera som taffelmusikk til loddsal, kafe-handling og rydding . 

I nyttårshelsinga til ordførar Wenche Tislevoll trakk ho fram mykje av det positive som har skjedd i bygda vår i året som har gått.
– 2012 var eit år med større aktivitet enn nokon gong før, mellom anna takka vere stor dugnadsinnsats frå bygdefolket, sa den stolte ordføraren.

Juletregang høyrer naturleg med på ein julefest ,og her vart den flott akkompagnert av Fitjar skulekorps.  

Sist, men ikkje minst, kom det som mange hadde venta lenge på; Nissen. Ungane var forventningsfulle men disiplinerte. Aldri før har me sett ein så beherksa barneflokk venta på tur for å få seg kvar sin godtepose av dei litt småskumle karane i raude kle og med maske på. Og det var mange høflege takk å høyra.

– Det var kjekkast med godteri, det er ein viktig tradisjon, sa ei svært så smilande Thea Træet med ein ferks, rosa godtpose i handa. 

– Ja, alle synest  nissen var kjekkast, tilføyde gjengen som gjerne ville syna fram for alle Fitjarposten sine lesarar kor kjekt dette var. 

Konferansier Ole Bergesen lova ny juletrefest på nyåret i 2014, og er ungane på Fitjar like snille fram til neste jul kjem nok nissen då og.