Med ti dagar att til julaftan er det høgst ulikt kor lang førebuingane er komne, men denne helga har i alle fall Øvrebygda 4H byrja å gjera sitt til at juletrea kjem tidsnok i hus.

– Hei, kjem du for å kjøpa juletre? spør nokre ivrige ungar med nissehue og regnklede.

Det var ein ein mørk og stormfull tredje søndag i advent. Jammen regna det òg, men på Rydland var det god stemning blant 4H-medlemmene som stod for juletresalet då Fitjarposten svinga innom.

Det er tradisjon at 4H stiller opp med juletresal ved «Filialen» på Rydland. Då er det dei yngste i klubben som blir sette i sving. Sjølv om det til tider kan vera ei vêrmessig utfordring å halda på med juletresal, er dette ei oppgåve ungane går til med liv og lyst. Ungane veit at dette er ei oppgåve dei skal vera med på, og dei ser fram til at det er deira tur å selja tre.

Med det ruskevêret som er på våre kantar no, er det godt å kunne varma seg i teltet som er sett opp attmed butikken. Inni teltet er det vaksne som steikjer vaflar, fyrer i omnen og ser til at ungane og kundane kan få seg ein vaffel og kopp med varm drikke, anten det er kakao eller kaffi dei har mest lyst på.

Fitjarposten får opplyst at den tresorten som er mest ettertrakta er edelgran, sidan den held best på nålene. I løpet av ein vanleg desember blir det seld rundt 100 juletre frå 4H sitt utsal på Rydland. Ei av dei som er tidleg ute og hentar seg tre her, er Angunn Bårdsen. Ho er av dei som kjem tilbake år etter år for å kjøpa hjå 4H. – Her får eg alltid fine tre, skryt ho. Og med treet sikra, er det berre resten av førebuingane som står att…

 

Ingressbilete: Ei av oppgåvene ein juletreseljar må meistre, er å træ nett på juletrepakkaren. Frå venstre: Irmelin Havn, Martine Pedersen Korsvik, Angelica Lunddal, Isabel Skumsnes og Katharina Skumsnes. Foto: Arne Vestbøstad