Julekonserten i museumsløa i Årskog vart ei svært stemningfull oppleving for alle dei 90 frammøtte, som sat som sild i tønner i den gamle floren.

Det var songarane Anne Karin Nilsen og Ann-Sofie Drønen som inviterte til konsert. Med seg hadde dei fått Steinar Vik på trommer, Heine Helland på bass, Harald Rydland på trekkspel og piano, Hans Kobberstad på fiolin, på gitar og song Knut Vika og Otto Holm på song. I tillegg deltok dei unge songarane Silje Rydland og Ingrid Fjøsne med kvar sine flotte framføringar. Alle dyktige musikarar og songarar som det var kjekt å oppleva saman, og som evna å skapa god julestemning.

Stemninga vart satt allereie i lysalleen som gjekk gjennom eit frostpynta landskap, frå parkeringa og bort til den gamle tre-løa der konserten skulle vera. I løa vart ein møtt med servering av gløgg og julekjeks, før ein fekk ein god time med mykje flott og svært variert julemusikk. Denne skribenten hadde fleire høgdepunkt. Eit av dei var opningsnummeret Mitt hjerte alltid vanker, med ein fantastisk stemningsfull start med Harald Rydland på trekkspel og Hans Kobberstad på fiolin. Eg likte og ekstra godt dei meir svingande nummera som Rocking around the christmas tree og ei norsk utgåve av Winter Wonderland. Det må og nemnast at Anne Karin Nilsen, saman med orkesteret, hadde ei svært flott framføring av Carola sin kjende julesong: Himlen i min famn. Mellom alt dette var det og mykje anna fin og variert julemusikk som tok for seg mange ulike sider ved jula.

Gløggen kom godt med, for det var kaldt. Om hjarta og sjela vart varm av all den flotte julemusikken vart det etter kvart rimeleg kjøleg på beina, og i kulda var det klart  utfordrande å halda både instrument og stemmer reine. Men heile stemninga i lokalet overskygga heilt klart dei utfordringane. For publikum var frostrøyken sjarmerande og stemningsskapande. Det same var dei svært unike omgjevnadane som gav ekstra dybde til strofer om karrige kår både for Jesus-barnet og for folk i vårt land i tidlegare tider, slik det mellom anna kom fram i nordnorsk julesalme sunge av Otto Holm.

Konserten vart avrunda med Stille natt og stor applaus etter Ann-Sofie si stille antyding om at dette kanskje kan bli ein årleg tradisjon… I så fall skal ein ikkje sjå vekk i frå at ein må arrangera fleire konsertar, for når 90 godt fornøgde julekonsert publikumarar fortel andre om den gode og spesielle opplevinga kan det godt hende at billett-etterspørselen kan bli nesten dobla ved neste høve…

Julestemning til og frå Løo på Årskog museum. Foto: Helga Rimmereid