Helle Bjørk hjelper bestemor Berit Bjørk å selja heimelaga keramikk. Foto: kjetil Rydland.

På Port Steingard i Kråko er julefreden i ferd med å senka seg; det var iallfall ingen ting å seia på adventsstemninga i føremiddag.

På Port Steingard heldt ølutsalet på ELØ ope i dag, og inne i PS Bryggekafé var det råd å få seg ein matbit og ein kaffi.

På plassen ute var bålpanna tent, og det var råd å kjøpa ulike kortreiste julegåver. Sverre Sæterbø stilte med kjøt frå Fitjar Gardsmat. Unge Helle Bjørk frå Stord selde bestemor, Berit Bjørk, sin keramikk. Anita Solberg baud på «ølvottar» og andre strikkaprodukt. Ho fortel at ho bur i Bergen og har hatt hytte i Kråko.

Naturlegvis var utsalet til Fitjar Islands i andre etasje ope, og omsetninga såg ut til å vera upåklageleg. Kari Kjøde har hytte i Kråko, og liker å kjøpa «ordentlege produkt»  i julegåver.
– Her er mye bra! seier ho, og peikar på handsåpa «Slåtterøy». Elles har ho sikra seg ein heilt ny krem, av dei travle damene Louise Martens og Daria Kozlova. Og ho var slett ikkje åleine; etter kvart seig det på med både hyttenaboar og andre lokale kundar.

Inne i PS Bryggekafé hadde julefreden senka seg. Folk kosa seg med kaffi og kanelbollar, og anna godt. Rune Sandvik og Karianne Stadheim syntest det var lite fitjarfolk å sjå, men det la ingen dempar på stemninga.

Om me ikkje reknar feil, er det to laurdagar att før jul. Vertskapet lovar adventskos kvar laurdag i desember. Om du ikkje fekk med deg Port Steingard i dag, forslår me at du prøver neste laurdag!