Det årlege julespelet blei til stor glede for ein fullsett gymsal under framføringa til 7.-klassingane på Rimbareid skule torsdag kveld.

I år var det 14. gongen 7.-klassane ved Rimbareid barne- og ungdomsskule framførte julespelet «En glede for hele folket», av Alf Georg Østebrøt. Som vanleg blei det ei høgtidsstund for frammøtte foreldre, søsken og andre slektningar og vener. Gårsdagens framsyning stod ikkje noko til atters for dei me har sett før, og som har vore med og fått julestemninga på plass for oss sidan 1999.

Dei ungdommelege skodespelarane hausta mange velfortente lovord for prestasjonane sine. Publikum fekk vera med 2000 år tilbake i tid, og gjennom ord og tonar fekk me eit truverdig og humoristisk møte med historia om Jesu fødsel. Me lét oss imponera over spelegleda og formidlingsevna til dei unge aktørane. Dyktige musikarar som Ole Rørvik, Hafsteinn Runarsson, Marcus Tranøy, Børge Skår og Arild Fitjar Waage er med og hevar kvaliteten på framsyninga. Alle som deltok formidla ei glede som smitta over på oss i salen, og rosene dei fekk for innsatsen så, var svært så velfortente.

Ros fortener òg lærarane som har spandert meir enn ordinær arbeidstid for å få dette til: Anne Helene Vestbøstad, Ane Synnøv H. Olsen, Hilde Volden de Fine, André Olsen Aadland, Leikny Hogganvik og Martha Waage. Dei to sistnemnde hadde med seg 1.-klassingane, som strålte om kapp med stjernene under avslutningssongen «Gloria in excelsis Deo».