Til stor glede for ein fullsett gymsal framførte 7.-klassingane på Rimbareid skule torsdag kveld det årlege julespelet.

I år var det 15. gongen 7.-klassane ved Rimbareid barne- og ungdomsskule framførte julespelet «En glede for hele folket», av Alf Georg Østebrøt. Som vanleg blei det ei høgtidsstund for frammøtte foreldre, søsken og andre slektningar og vener. Gårsdagens framsyning stod ikkje noko til atters for dei me har sett før, og som har vore med og fått julestemninga på plass for oss sidan 1999.

Dei ungdommelege skodespelarane hausta mange velfortente lovord for prestasjonane sine etter at dei hadde gitt oss eit truverdig og humoristisk møte med historia om Jesu fødsel. Me lét oss imponera over spelegleda og formidlingsevna til dei unge aktørane. Alle som deltok formidla ei glede som smitta over på oss i salen, og rosene dei fekk for innsatsen, var svært så velfortente. For oss som har levd ei stund, og har sett mange spel, er det imponerande å sjå spelegleda og tryggleiken som dei unge utstrålar på scenen.

Ros fortener òg lærarane som har spandert meir enn ordinær arbeidstid for å få dette til, Johannes Olsen og Gunn Evy Nilsen Haaland. Og fem flinke sminkarar, Anne Helene Vestbøstad, Solveig Vik, Vivian Hollund, Rebekka Hellesund og Nina Volden.

Me sluttar oss gjerne til foreldrekontakt Rolf-Atle Rolfsnes, som saman med Vivian Hollund delte ut kvar si rose til aktørane: – Kjempestrålande!