Juleshow kan vera så mangt. I dag vil me visa bilete frå eit utandørs show.

Du som les dette skjønar nok at det er snakk om hesteshow på garden til Ole Johnny og Ina Soltvedt på Tufteland, der dei driv Farm and Family. Desse to har eit allsidig dyrehald med bl.a. hest, hund, geit, sau og kaniner.

Trass i mykje vind var det mange interesserte som hadde møtt fram. Til vanleg er det 22 hestar i Stall Tufte. Flesteparten av desse var med på fargeparade. Elles fekk me mellom anna sjå sprangriding, speglriding og køyreoppvising med kjerre. Dei to beste hestane, Serpiko og Maj-Bella, slo sin eigen rekord i sprangriding i dag. Den sistnemnde har bl.a. konkurrert i Rogalandsmeisterskap med veldig gode resultat.

Me tok ein liten prat med to hesteglade jenter, Lena Tislevoll og Tone Brakedal. Hest er deira store fritidsinteresse. Båe to har ridd på Tufteland i meir enn tre år. Dei plar vera der 1- 2 gonger i veka. Lena fortalde at ho har eigen hest.

Nicolai og Sverre stilte villig opp til fotografering saman med hesten Kyra. Tidlegare på dagen hadde dei drive køyreoppvising med Kyra og kjerre. Kyra er Nicolai sin lærehest. Eit av bileta viser når Kyra sprang så lett over bommen.