Det vart ei juleoppvisning med idrettsglede i sentrum då Turngruppa og Idrettskulen i Fitjar Idrettslag hadde juleoppvisning i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, i ettermiddag.

«Gammel jegermarsj» feia frisk gjennom Idrettshallen då ein stolt gjeng unge idrettstalent synte seg fram for like stolte foreldre og besteforeldre i starten av juleoppvisninga i ettermiddag. I alt 100 aktørar, fordelt på fire grupper, var i aksjon i Idrettshallen denne gongen.

Me kunne godt ha spurt dei om dei hadde det gøy. Det var ikkje naudsynt. Det syntest utanpå. Ikkje minst på dei aller yngste på under fire år som hadde ringsongar på programmet, trygt assistert av mamma eller pappa.

Gruppa på 4-6 synte fram triveleg trolleleik, medan 1. klassingane hadde eit allsidig program der dei mellom anna gjekk med bøtter som sko. 3. klassingane synte både kroppskontroll og spenst, og me fekk sjå ein del flotte saltoar.

Men først og fremst var det altså idrettsgleda som prega det heile. Ei triveleg stund i haustmørkret med eit svært stort, stolt og takknemleg publikum.