Nissen var populær!

Turngruppa og idrettsskulen hadde ei kjekk juleoppvising i ein fullsett gymnastikksal på Rimbareid skule  i ettermiddag.

Stolte foreldre, søsken, besteforeldre og andre interesserte sat benka rundt sidene i salen. I garderobane stod 130 spende utøverar klar til å visa litt av sine ferdigheitar. Oppvisinga starta med oppmarsj, der alle gruppene marsjerte inn. Då starta blitzregnet…og varde heile oppvisinga til ende. Konferansier Terje Træet ynskte velkomen og så var dei enkelte gruppene klare til å visa fram sitt program eller sine aktivitetar.

Foreldre og barn(0-3 år) var først ute. Dei sjarmerte verkeleg. Dei fleste strålte i sine nissekostymer, nokre gøymde seg litt beskjedent vekk bak mamma eller pappa. Gleda i fugledansen og gleda over brettet med «egg» som vart kasta opp i lufta var fantastisk å sjå på. Denne gruppa er som de ser sponsa av Hogste egg, spøkjer konfransieren. Leiarane på denne gruppa var Monica Waage, Trude Strand og Bente Fitjar.

Etter dei kom Serina Sørfonn, Monica Hatlevik, Jorunn Gjøen og Sigrid S. Isdal springande inn med si gruppa som består av nærare 40 ungar i alderen 4-6 år. Dei viste ei aktivitetsløypa med balansering, rulling og hopping, og nokre jenter i midten imponerde med fantastisk rocking med rockeringar.

1. klassingane som vart leia av Wenche Jensen, Marianne Gjøsæter, Anja Aarhens og Eirin va Goll, var svært disiplinerde og viste eit program med mykje hopp, sprett, strekk, klapping og boksing…

2.-3. klasse er og ei stor gruppa med heile 30 ungar, men Vibeke S Tranøy, Sonja F. Waage og Monica Strand har god kontroll på dei. Dei viste eit spennande og samansett program. Jenten framførde ein flott dans, gutane viste ulike øvingar til musikk og alle hoppa og rulla.

Friidretssgruppa er i stadig vekst og tel no heile 30 stykk. Dei eldste som har vore med i mange år er no med som instruktørar, i tillegg til Bård Inge Bø, Rolf Vik og Tom Rydland. Dei kom springande inn med både høgdestativ, startblokker, kuler, ball, diskos og spyd… Det siste tok dei heldigvis ikkje i bruk denne kvelden… Dette er ei allsidig gruppa som held på med mange ulike aktivitetar, og det var spesielt imponerande å sjå dei høge hoppa dei utførde.

Gjestar denne kvelden var Karaten, som held til i Øvrebygda. Dei viste litt av det dei kan, på kvart nivå, heilt opp til dei vaksne damene som la trenarane i bakken så det sang etter. Mange vart imponerde, og nokre små vart litt skremd…

For deltakarane var det to høgdepunkt denne kvelden. Det eine var å opptre, og det andre var at dei hadde misstanke om at nissen skulle koma på besøk. Og etter at ungane samla seg gruppevis på golvet og song «På låven sitter  nissen» kom jammen både nissen og hjelparane hans. Og det vart godtepose på både små og store utøverar, og dei små i publikum.

Foreldre i salen ynskjer å takka alle instruktørane som står på for ungane deira, og held dei i aktivitet veke etter veke. 

Turnen tar no juleferie, men ynskjer velkomen til trening etter jul. Friidretten skal ha trening i to veker til.

Nissen var populær!