Tradisjonen tru gledde Fitjar barnegospel forsamlinga med frisk song. Foto: Kjetil Rydland.

I går avvikla bedehusfolket igjen ei særs vellukka julemesse med god, gammaldags «søa», julestemning og god omsetnad til inntekt for Fitjar bedehus.

Som vanleg når det er julemesse på Fitjar bedehus, blir huset fylt opp av store og små. Risengrynsgraut, julekaker og basar er tydelegvis ein sikker vinnar no i byrjinga av desember. Det blei ei skikkeleg «søa» i bedehuset, slik det skal vera.

Som vanleg var det trongast om plassen då det drog seg til barnemesse midt på dagen. Då måtte komiteen fram med ekstra stolar, og det var knapt ein plass til overs. Rune Kvilhaugsvik leia oss stødig gjennom den mest kaotiske delen av arrangementet. Mariann Steinsland heldt andakt, og Fitjar Barnegospel song julesongar. Til stor glede for kvarandre, og for foreldre og andre slektningar hadde fylt lokalet.

Utpå ettermiddagen var det tradisjonelt julemessearrangement, sal av årar og lodd på bøker, og trekning av fleire flotte gevinstar. Silje Devik, Karin Stokken, Karen Sætre og Elin Sørfonn spelte og song. Møteleiar var Sigmund Sætre, og Arne Lindekleiv heldt andakt.

Omsetnaden av mat og lodd var bra under denne gongen òg. Arrangementet gav eit overskot på rundt 115 000 fortel Elin Sørfonn. Pengane går til drifta av Fitjar bedehus.

Ho er styreformann i Fitjar bedehus og hadde ei hand om dei fleste trådane under gårsdagens store arrangement. Men ho understrekar at dei har hatt ein stor komite i arbeid. Mange har bidrege med gevinstar, mat og ulike oppgåver både i forkant og under messa, understrekar styreformannen i bedehuset.

– Eg er veldig fornøgd; julemessa blei vellykka på alle måtar, seier Elin Sørfonn til slutt.