Sist laurdag var det Normisjon si forening i Øvrebygda som arrangerte julemesse i denne delen av bygda.

Mange nytta høvet til å kome saman for å prate med kvarandre og drikke kaffi. Etter kvart vart det god avsetnad på diverse handarbeid, brakekransar og bakverk som var til sals. Pengane ”sat laust” og det gjekk unna med sal av lodd og årer også. Til avveksling kunne ein prøve seg på to tippekonkurransar.

John Birger Wold frå Ølen heldt andakt, og ein av foreningsmedlemmene orienterte om sjukehusprosjektet i Nepal, som får all inntekt av denne messa. Etter ei lang økt med trekking av åregevinstar, fruktkorger og hovudgevinstar, var det tid for å gå heim. Det er 20 år sidan Helland og Hovstad Normisjon begynte å lage til julemesse.