Dei som ikkje let seg påvirke av snø og litt glatte vegstykke fekk ein triveleg ettermiddag på Sælevik skule i går.

Vår informant fortel om eit jamt sig av folk heile tida og mange nytta høvet til å smake den gode kjøttsuppa. Litt seinare var det tid for kaffi og heimelaga kaker. I mellomtida vandra små og store frå rom til rom og kikka på utstilte varer av ymse slag, og tradisjonen tru var det mykje fint ein kunne kjøpe. Me nemner til dømes dekorasjonar til inne- og utebruk, strikkevarer, maleri, nissar, figurar av glas og bunadsutstyr. Noko av dette kjem nok under juletreet i mange heimar. Det var også godt utval av matvarer: lefser og småkaker og ikkje minst lutefisk og laks. Smaksprøver av sistnemnde vare gav nok meirsmak. Trufaste utstillarar frå bygda saman med dei tilreisande gjorde messa rikhaldig. Solveig Westerheim var på plass med sine mange strikkeprodukt trass i høg alder.