Bjørg Strømme er initiativtakar til ei annleis utstilling i desse førjulstider, ikkje ei vanleg julemesse, men noko nytt og spennande, seier ho sjølv. Utstillarane er handplukka.

Utstillarane set pris på å vere spesielt inviterte. Her får dei eit flott høve til å presentere produkta sine, om det er keramikk, glas, garn og ull eller anna dei har med seg. Dei lokale deltakarane og produkta deira kjenner me godt frå tidlegare arrangement: Irene Torvund med tova og strikka varer, Hilde Volden de Fine med garn og produkt av Mohair-ull og Bjørg Strømme med blant anna vesker i fiskeskinn. Hildegunn Skjelten representerer Stord Husflidslag si studiegruppe innan keramikk saman med Kirsten Kyte Framnes, Johanne Langeland og Liv Nyborg. Hildegunn fortel om ein kjær hobby som gruppa driv med i eit lokale på Høgskulen annakvar helg, og om godt sal allereie den første halve dagen.

Ein kjend keramikk-kunstnar frå Bergen, Signe Aasgaard, har hatt utstilling på Fitjardagane fleire gonger. Ho har diplomutdanning frå Kunsthøgskulen i Oslo, og er såleis professjonell keramiker med unike handlaga produkt.
Tones Glassdesign ved Tone Nordahl -Pedersen fortel om eit interessant arbeid med fusing av glas og viser fram figurar og bilete, høvelege både i desse juletider og elles. Ho har gått Kunstskulen i Bergen saman med Maren Strømme som har stand i lag med mor Bjørg, og stiller ut arbeid i fiskeskinn.

Pearl Florence Hamre driv eige firma, Oyémam, og stiller ut sjølvlaga kremar og hudpleieprodukt, laga av sheasmør frå nøtter som veks på shea-treet på på den frodige savannen i eit belte sør for Sahara. Ved kjøp av desse produkta er ein med og støttar ein landsby med kvinner i Ghana og gir dei mogleghet til sjølvstende.
Bjørg Strømme fortel at ho for snart eit år sidan fekk ideén til å arrangere julemarknad i Peraløo. Me trur at det ikkje blir den einaste gongen. Blant utstillarane høyrde me blant anna desse utsegnene: Ei koseleg helg med julefølelse, spennande og kjekt å stå her. Vår utfordring blir: Ta turen til Peraløo i morgon.