Julekonsert vart det, men ikkje som ein vanleg. I Larsenbygget i kveld smaug juletonane seg omfamnande mellom dei handlande og skapte julestemning.

Flott var det òg. Ikkje det at det var uventa. Me veit jo at Fitjar ad hoc ensemble med Martin Hatlevik, Steinar Vik, Heine Helland, Harald Rydland og Ole Christian Ottestad står for super kvalitet.

I kveld hadde dei fått med seg Tom Rydland og Anne Karin Nilsen. Det gjorde stunda endå rikare. Flotte innslag av begge to.

Variert julemusikk frå friske, amerikanske slagerar til kjende norske julesongar, fall nok i smak hos dei fleste. Me er ikkje i ringaste tvil om at dette bør bli ein tradisjon.

Tom Rydland, og Silje og Oda, med same etternamn, fekk vidare skikkeleg fres over allsongen og juletregangen. Berre synd at ikkje fleire heiv seg på. For moro var det, midt i juleinnspurten.