Trio femine, med Irene Simonsen på klaver, held julekonsert i Fitjar kyrkje, onsdag 19.12 klokka 19.30.

Me høyrde trioen under ei skuleførestilling i Kultursalen i Fitjar Kultur- og idrettsbygg for nokre veker sidan, og kan fortelje at damene har vokalkvalitetar av øvste klasse, og Irene sitt glitrande klaverspel kjenner mange fitjarbuar til frå før. Det er såleis ingen grunn til å sitja heime denne kvelden.

Konserten heiter " I stallen, i krybben" og entrè er kr. 100,- for vaksne, mens barn under 12 år kjem gratis inn.

- Annonse -