Førstkomande torsdag blir det nærast ein liten julekonsert hos Varehuset Larsen. Det er Fitjar ad hoc ensemble med Anne Karin Nilsen og Tom Rydland som stiller opp.

Harald Rydland i ensemblet fortel til fitjarposten.no at dei er klare med julemusikken, og at dei vonar å få planta ein god porsjon julestemning i fitjarfolk og andre som måtte koma innom.

– Ein viktig del av arrangementet er elles å få samla inn pengar til Frelsesarmeen si julegryte. Armeen vil vera på plass, og me håpar mange vil støtta arbeidet som vert gjort for at dei som har det vanskeleg skal få det betre både i julehelga og elles, legg han til.

Det heile finn stad på torsdag (22.12) kl. 17.30 – 20.00, og i programmet for konserten finn me både amerikansk og nordisk julemusikk.

Vidare vert det song og juletregang med barna, peparkaker og gløgg, og, ikkje minst, høve til å gi ei gåve til Frelsesarmeen si julegryte.