I morgon startar næringsdrivande i Fitjar sentrum ein kampanje som skal få folk til å gjera julehandelen lokalt.

– Kampanjen går ut på å premiera dei som handlar lokalt i Fitjar sentrum, opplyser Vidar Larsen ved Larsen Multihandel.

Han fortel at kampanjen byrjar i morgon, laurdag 1. desember, og vert avslutta 23. desember, med trekning på sjølvaste julaftan.

Premieringa er i form av gåvekort, som har ein samla verdi på heile 21 000 kroner. Gåvekorta kan nyttast i dei butikkane som er med i kampanjen.

Kampanjen vert gjennomført på følgjande måte:

Eitt lodd tilsvarar 100 kroner i handel, og me får lodd tilsvarande det beløpet me handlar for. Me skriv namn på lodda våre og puttar det i ein svarboks, som er å finna på alle butikkane som er med på kampanjen.

– Ta desemberhandelen i Fitjar sentrum! seier Wenche Henriksen.

Vidar Larsen opplyser at desse butikkane i sentrum er med på kampanjen:

Varehuset Rydland, Små Skatter, Duo Hårstudio, Husflidskroa, Thea Træet AS, Galleri Flora, Larsen Multihandel, MX Sport Larsen, Hårloftet, Spar Fitjar og Stord Videokiosk.

Her ligg finnarsjansane fram til jul. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

´rbsh