På Fitjar Mek har tilsette gått saman om å lage eigen julekalender.

-Me begynte eigentleg for 2 år sidan, fortel Frode Halvorsen som saman med Glenn Haugland har vore initiativtakar til dette. -Første året var me berre 17 som blei med. I fjor var me 22. Men i år har det tatt litt av, så no er me 42, fortel Halvorsen.

Kvar mann betaler inn hundre kroner. Så kjøper me like mange gevinstar som det er deltakarar, for 50 kroner pakken. I tillegg kjøper med litt peparkaker, mandarinar og slikt, og det som då er i igjen i potten blir til ein hovudpremie på rundt 1000 kroner som vert trukken mellom dei som deltek, siste arbeidsdag før jul, får me vite.