Også i år har me julekalender her på fitjarposten.no. Me trekkjer ut premiar kvar dag mellom dei som svarer rett på det daglege spørsmålet som luka skjuler. Bli med då vel!

Julekalenderen finn du her

Stor hovudpremie
Alle som deltek og svarer rett på 15 eller fleire av dei 24 spørsmåla i julekalenderen, er i tillegg til daglege premiar med i trekninga av eit kjempespennande gåvekort frå Hafjell Hotel & Apartments (like ved OL-løypene). Premien er levert av fitjarbuen Arne Kjelsnes som er dagleg leiar på Hafjell Hotel & Apartments.

Ved hovudtrekninga julaftan, vert det i tillegg til hovudpremien, òg trekt ut eit gåvekort på kr. 500,- hos MX-Sport Larsen, og eit på kr. 300,- hos Larsen Multihandel.

Hovudpremiane er flotte dei, men me har òg kjekke daglege premiar: Flaxlodd på kvardagar og spørjeboka «Fitjar Quiz 1» på søndagar, pluss julaftan.

Dess fleire rette svar – dess større sjanse til å vinna hovudpremien!

Lukke til alle saman!