To julegudstenester måtte til i Fitjar kyrkje for å romma alle dei som ville koma dit for å feira Jesu fødsel på julafta.

Kyrkja var i år ikkje pynta med juletre, men ein stor stall som barneskule-elevar laga til dei skulle ha skulegudsteneste der like før jul. Stallen var stor og fin og godt synleg for alle som kom inn i kyrkja. Ute var det julekortstemning med djup, laus nysnø overalt, og dei som ville tenna lys på gravene måtte både måka seg veg fram og skuffa snø til sides på grava for å kunna plassera eit lys der. Mange tok denne jobben i ettermiddag og mange festpynta folk samla seg til julafta-gudsteneste i kyrkja. Den første gudstenesta tok til allereie klokka 14.30. Her vart kyrkjelyden møtt av flott julemusikk frå skulekorpset i det dei kom inn i varmen i kyrkja. På orgelkrakken sat organistvikar Harald Rydland, Hildegunn Ådland var klokkar og stod for tekstlesing og tenning av dei fire adventslysa som fortalde oss at no er ventetida over. Sokneprest Olav Johannes Oma leia gudstenesta, og i preika tok han oss med inn i stallen der Jesus vart fødd, og peika på at dersom dette var eit vanleg barn, hadde ikkje englane, gjetarane og vismennene vore der, men dei kom fordi dette barnet var Gud. Oma avslutta preika med å minna om det siste refrenget i den fine julesongen som var sungen rett før: Her kan vi drømme om den fred som vi skal eie en gang, for dette Barn har himlen med, og jorden fylles med sang! Kvit jul på Fitjar.

steroidi italia