Frelsesarmeen si julegryte er velkjent og kjær for mange. No kjem gryta til Fitjar.

– Det skjer laurdag 14.12 og laurdag 21.12, melder Frelsesarmeen på Stord til fitjarposten.no. Gryta vil vere å finne i sentrum frå morgonen av begge desse dagane, har me fått vite.

Så er det berre å utfordre kvarandre til å stø opp under det flotte, sosiale arbeidet Frelsesarmeen får midlar til på denne måten.