Søndag 2. desember er det vel verd å ta turen til Fitjar sentrum. Som ved julegrantenninga i fjor er det lagt opp til eit variert og artig opplegg.

kl. 14.30 startar juleverkstaden i 2. høgda i Larsen-bygget, og det er og duka for rebusløp for born der dei finn svar på rebusane i dei forskjellige butikkane.

kl. 16.00 Fitjar skulekorps og Fitjar barnegospel opptrer utanfor Larsen.

kl. 16.30 Fakkeltog.

kl. 17.00 Tenning av julegrana. Etterpå vert det gang rundt juletreet med Tom Rydland som forsongar.

KL. 19.30 Lysmesse i Fitjar kyrkje. Song av det nye ungdomskoret.

Plus meir… og kanskje kjem nissen.

Butikkane har ope frå kl. 14.00 til 18.00

Lesarbilete: Har du bilete som du ønkskjer å dela med fitjarposten.no sine lesarar – send dei inn og me publiserer dei her.

Meir om lesarbilete finn du her.