Tradisjonen tru vert julegrana på Tinghusplassen tent 1. søndag i advent. Det vil seie førstkomande søndag, 30.11. Då vert det òg søndagsope i butikkane.

Sentralt i opplegget står Fitjar Skulekorps som vil spele når julegrana vert tent, og i to omgangar utanom dette.

Vidare kjem Øvrebygda 4H  og lagar til leir med lavvo og pølsesal, og ein annan øvrebygdar, ordførar Harald Rydland, vil spela trekkspel.

Gøy for dei minste er at Ine Soltvedt Tufteland frå «Stall Tufte» kjem med nokre hestar og tilbyd ridetur på desse. Spennande for denne alderdsgruppa vil òg fakkeltoget frå sentrum til sjukeheimen, vera. Det skjer klokka 16.30.

Magnar Kloster har i år debutert som forfattar med «Fitjar Quiz», og har laga til ein eigen quiz-konkurranse til arrangementet på søndag.  

Julegrana vert som vanleg tent kl. 17.00 

Opningstidene for butikkane er frå kl. 14.00-18.00