Mange hundre fitjarbuar trassa vêret og møtte opp i Fitjar sentrum søndag ettermiddag for å vera med og tenna julegrana.

Markering av 1. søndag i advent med opne butikkar og tenning av julegrana i Sentrum har etter kvart blitt ein kjær tradisjon på Fitjar.

I dag viste det seg på nytt at dette er eit sosialt høve fitjarbuen set pris på. Fleire hundre fitjarbuar fann vegen til Sentrum for å koma i gang med adventstida.

Som vanleg var Fitjar Skulekorps garantisten for den ekte førjulsstemninga. Tradisjonen tru blei musikantane med fakkeltoget bort til Havnahuset og til Fitjar bu- og behandlingssenter. Her spela dei tradisjonelle julesongar; spela gjorde dei òg framfor butikkane i Sentrum. Endå ein gong fekk fitjarbuen erfara kor rikt det er å ha eit slikt eminent korps i bygda!

Då fakkeltogent med Skulekorpset var vel tilbake på parkeringsplassen, blei julegrana tent. Adventstida er komen til Fitjar!

- Annonse -