Ei røys av gode tilbakemeldingar, og eit utal av oppfordringar, gjer at Osternes mannkor, med heile ensemblet, oppfører kabareten «Ønskekonserten» «Så lenge gutta kan gå» på ny.

– Det skjer fredag 31. januar i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, melder leiar i koret Karvel Strømme til fitjarposten.no.

Dette trur me mange fitjarbuar, både dei som gjerne vil sjå kabareten ein gong til, og dei som ikkje fekk han med seg sist, vil sjå på som ei svært hyggjeleg julegåve.

Bilettsalet startar hos Larsen multihandel fredag 6. desember.