Jula er tid for tradisjonar og det å koma saman. For mange startar jula med fellesskap i kyrkja juleaftan.

I løpet av to fullsette gudstenester juleaftan, leia kyrkjelydsprest Nobu kyrkjelyden over frå travel kvardag og førebuing, til julehøgtid, med alt som høyrer til.

I Juleevangeliet i Bibelen står det at alle dei som høyrde det gjetarane fortalde, undra seg over det. Og den undringa tok Nobu fatt i. Så, for å finna ut litt meir av den kristne essensen i jula, spurte han seg sjølv kven Jesus er. Etter eit søk på Internett, dukka det opp bilete av Jesus som alt frå ein kul kis til ein alien, men det som var viktigast for Nobu å få fram, var at Jesus blei født på jorda, for å hjelpa menneska. Og Nobu peika på at det er det vesle barnet som blei født i Betlehem som er utgangspunktet for at me feirar jul. Noko han sjølv ikkje visste då han voks opp i Japan og feira jul.

Juleaftan er den dagen kyrkjene er på det fullaste rundt om i landet. Og Fitjar er ikkje noko unnatak, med rundt 750 personar innom dørene denne dagen. Med seg heim fekk dei ønskje om ei god jul.

 

Ingressbilete: Barnehagane i FItjar hadde dekorert kyrkja, mellom anna med denne stallen. Foto: Arne Vestbøstad