Den flotte gjengen i 7.klasse!

Tradisjonen  tru var det julefest for barneskulen på Rimbareid  siste skuledagen før jul.

Alle elevane frå 1. til 7 klasse var samla,og me fekk oppleva mange kjekke innslag. Elevar frå 6.klasse, som hadde ansvar for å leia festen, byrja med å syngja «Tenn lys» samtundes som dei tende adventsstaken.

Første klasse song «Julepresangen» av Alf Prøysen medan dei viste nokre store flotte teikningar som dei hadde laga. Dei song høgt og klårt og var artige å sjå på.

Nokre jenter frå 4.klasse spela flotte julesongar på piano og blokkfløyte. Etterpå song 5.klasse «Ein stjerne skinner i natt» med fem gutar som solistar.

Kvart år har sjuande klasse julespel, og for tiande året på rad fekk me sjå spelet «Ei glede for heile folket» skrive av Alf Georg Østebrøt. Sjølv om ein har sett det mange gonger blir ein kvart år imponert over kor flinke  teknikkarar, musikarar, songarar, skodespelarar og solistar som finst i elevflokken. Mange imponerte med god innleving i rollene. Høgdepunktet for dei aller minste var nok då den dansande kamelen kom inn på scenen.

Før me gjekk rundt juletreet snakka rektor Svein Kåre Meling til alle elevane. Han fortalde at dei flottaste gåvene han hadde fått var gåver som borna hans hadde laga sjølv. Etterpå spurte han elevane om dei hadde pakka sjølvlaga julepresangar . Nesten alle elevane rakk opp handa, og det er nok mange foreldre eller besteforeldre som kan rekna med ein eller annan unik pakke under juletreet i år.

Festen slutta av med tradisjonell juletregong.

Den flotte gjengen i 7.klasse!