Etter kvart kom det fleire julebukkar som bad fint om å få noko godt i korgene sine....

I dag er det 13. dag jul. Det er den store julebukkdagen på Fitjar.

På primstaven står det «Helligetrekongersdag». Det er 6. januar, og dagen er til minne om dei tre heilage kongane som kom frå austerland. Dei fulgte stjerna til Betlehem og kom med gåver til Jesusbarnet. Tidlegare var dette ein fridag då ingen skulle arbeida. I dag er det ein vanleg kvardag, og gjerne den dagen folk nyttar til å «kaste jula ut». Og i dei seinare åra har det her på Fitjar blitt tradisjon for at dette er den dagen ein går julebukk. Mange små og store ungar har gledd seg lenge og førebudd kostyme og songar. Dei fleste kjem etter at det har blitt mørkt, men på Rimbareid var det ein sommarfugl og ein engel ute og gjekk allereie midt på dagen. Dei likte ikkje å sminka seg, så dei var lett gjennkjennelege, men hadde kledd seg fint ut og song to heile julesongar til glede for dei dei banka på hos. Korgene vart fulle av frukt og sjokolade, og vel heima igjen koste dei seg med det dei hadde fått.

Etter kvart kom det fleire julebukkar som bad fint om å få noko godt i korgene sine….
... og så kom det endå fleire julebukkar....
… og så kom det endå fleire julebukkar….