På Fitjar er det tradisjon at julebukkane kjem på besøk 13. dag jul.

6. januar er 13. dag jul, eller heilage tre kongars dag, og den dagen julebukkane brukar dukka opp på Fitjar. Mange ungar gler seg til denne dagen, og allereie tidleg på ettermiddagen ringde det på døra på Rimbareid, og ei merkeleg dama, eit spøkelse og ei flott heks møtte oss med nydelege julesongar.

Mange førebur seg til denne dagen ved å gjera klar søtsaker til ungane som har kledd seg ut og syng julesongar på trappa. Nokre likar ikkje denne dagen og vil helst ikkje ha besøk. I så fall kan ein kanskje henga ein lapp på døra om det eller la vera å slå på utelyset, så forstår julebukkane at her er dei ikkje velkomne. Men dei aller fleste gleder seg med ungane og opnar gjerne døra og snopeskåla for det som måtte møta dei på trappa. Frå tidlegare år veit me at kreativitet og songgleda blandt ungar på Fitjar er stor, så me har mykje godt i vente i kveld.