Klokka nærmar seg 18.00 Me sit inne og tenkjer: No kjem vel julebukkane snart.

Ikkje lenge etterpå ringjer dørklokka. Ute på trappa får me høyre vakker julesong. Fire utkledde born på Helland får litt snop i posane sine. Dei vil straks gå heim, men lyt vente litt. Me vil ta eit bilete. Desse kjekke borna har me sett før, og vonar dei kjem att til neste år.