Måndag kveld var det juleavslutning med utdeling av vitnemål til deltakarane på norsk for innvandrarar.

Dei siste to månadene har over 40 innvandrarar vore travelt opptekne med norskkurs på Rimbareid skule to gonger i veka. Skulesjef John Karsten Raunholm seier han er svært glad for at Fitjar kommune fekk etablert eit norsktilbod for arbeidsinnvandrarar.

– Då me gjekk ut med tilbodet, håpa me på 15-20 deltakarar, fortel han, men responsen har vore overveldande. – Heile 45 personar har vore med. Dette viser at interessa har vore stor. Flott er det også at verksemdene ser verdien av ei språkleg kompetanseheving og støttar opp om tiltaket, seier skulesjefen.

John karsten Raunholm forsikrar at Fitjar kommune kjem til å gå ut med eit nytt kurstilbod som vil starta opp i januar for dei som vil gå vidare. Her er det sjølvsagt høve også for «nye» som vil vera med. Skulesjefen ønskjer også å retta stor takk til lærarane som tok på seg dette oppdraget, og håpar dei vil vera med vidare etter jul dersom det blir nok påmelde.

Skal me dømma etter stemninga på jueavslutninga i går kveld, kan det gå mot meir norskundervisning over nyttår. Rett nok har ein del elevar alt reist på juleferie, men mange var til stades på avslutninga. Brorparten av desse høyrest ut til å vera meir enn klare til å gå vidare med meir norskstudiar.