Graut, mandlar og marsipangris var noko av det du kunne få på juleavslutninga til Laget. 10.stk møtte opp, og fem mandlar var gøymde i grauten. Det var stor sjanse for å få ein marsipangris.

Onsdag 13.desember hadde Laget – Det kristelege skulelaget, si avslutning i bedehuskjellaren. Der vart det sunge julesongar, andakt av Olav Oma og grautspising med ”jakten på mandlane”. Sidan det ikkje var fleire enn 10 stk. som møtte opp, var sjansen for å få ein marsipangris høg, med fem mandlar i grauten. Litt leikar stod òg på programmet, før det var slutt i 21.30 tida.

Styret i Laget håpar at enno fleire vil ta turen til bedehuskjellaren om tysdagskveldane til neste år.

- Annonse -