Dei siste to månadene har 25 innvandrarar vore travelt opptekne med norskkurs på Rimbareid skule to gonger i veka.

Måndag kveld var det juleavslutning med kaffi, brus og kaker på skulen. Best smakte nok den cubanske julekaka til Carlos og den serbiske eplepaien som kona til Sinisa hadde bakt.

Det blei ikkje juletregang på dei åtte elevane som såg seg tid til å koma i denne travle førjulstida. Men julestemninga fekk me via YouTube og julesongar frå Litauen, Serbia, Bulgaria, Polen og Noreg. Her finst julesongar på alle tenkelege språk, og Sissel Kyrkjebø med og utan Odd Nordstoga. Eit enkelt og effektivt grep av lærar Liv Mari Koløen for å skapa stemning, og eit fint utgangspunkt for samtale om ulike juletradisjonar i 10 europeiske land.

Skulesjef John Karsten Raunholm nytta høvet til å takka elevar og lærarar. – No håpar eg de har lært mykje norsk, og eg håpar de vil praktisera det de har lært, sa han i julehelsinga til kursdeltakarane. Og han oppmoda dei sterkt til å nytta seg av nettlisensen. Dei har tilgang på nettressursen heilt fram til april, og den er ein svært viktig del av nynorskkurset Fitjar kommune har brukt i haust.

Skulesjefen minte kursdeltakarane på at dei er viktige for Fitjar-samfunnet, og håpa dei har hatt det litt moro også. Før han ønskte god jul og vel møtt til nytt kurs i januar. John karsten Raunholm forsikrar at Fitjar kommune kjem til å gå ut med eit nytt kurstilbod, som vil starta opp i januar dersom det blir nok påmelde. Skal me dømma etter stemninga på juleavslutninga i kveld, kan det gå mot meir norskundervisning over nyttår.