Kyrkjelydsprest Nobu Imazu var med på  juleavslutning for KRIK og U-caf. Her fortel han litt om opplegget. Han har også teke bileta som følgjer med.

Fredag 04.12 hadde KRIK-Fitjar og U-caf siste samlinga før juleferien. Veldig mange ungdommar var innom og kosa seg med KRIK-trening og aktivitetar i foajeen. Det var ikkje sal av pizza denne gongen, fordi ungdommane fekk graut. Vi skal ha første samling etter juleferien fredag 8. januar 2010.

12. – 14. februar skal KRIK -Fitjar reise til KRIK-Challenge på Voss. ( KRIK-Hordaland arrangerer skiweekend der. Viss du vil ha meir detaljert informasjon, kan du klikke her