Ann-Sofie (Pia) Drønen og Anne Karin (Kine) Nilsen arrangerer julekonsert i Løo (Årskog museum) fredag 21.12.

– Me har invitert med oss på konserten: Harald Rydland (piano/trekkspel) Hans Kobberstad (fela) Heine Helland (bassgitar) Steinar Vik (trommer) Otto Holm (song) Knut Vika (song/gitar) Ingrid Fjøsne (song) og  Silje Rydland (song), heiter det i ei melding til fitjarposten.no.

Konserten vert variert med ulike sjangrar av julemusikk. Ein vert elles oppmoda til å ta med med sitjeunderlag, ullteppe og varme klede. Det vert servert gløgg og julekjeks. 
Eventuelt overskot går til veldedig føremål.