Ikkje berre familien, men fitjarfolk flest synest det er storarta at ein fitjarbu har teke gull i Paralympics. Ved Rådhuset gjekk flagget til topps i føremiddag, då det var klart at Mariann Vestbøstad Marthinsen hadde vunne sprinten.

Heime i barndomsheimen på Kalveid sat Bjørg Lise (mor), Tore Arvid (far), Hildegunn og Vidar (søsken) og såg direktesendinga.

– Då me såg at Mariann begynte å ta innpå på oppløpssida, klarte me ikkje å sitje stille lenger, men reiste oss og gjekk nærare TV-en. Til slutt stod me mest inne i han, ler dei stolte familiemedlemene.

– Mamma var den som skreik mest, smiler Mariann sin bror Vidar.

Eldstebror Torbjørn var i Nordsjøen og kunne ikkje sitja i lag med dei, men han jubla nok ikkje mindre han heller, etter det fitjarposten erfarer.

– Vel fortent. Få med at eg er ei svært stolt syster, seier Hildegunn Solli. Og dei andre er ikkje mindre stolte. Når me kjem innom sit dei og ser opptak av finaleløpet enno ein gong, og smilene rekk mest til øyrene.

– Kva vil de seie når de snakkar med Mariann no?

– Først og fremst gratulerer, men det spørs om ikkje det blir eit jubelrop òg. Mariann har hatt eit utruleg pågangsmot og treningsiver. No får ho løn for strevet. Me vågde ikkje heilt å tru på gull, men etter den solide prologen, trudde me på medalje, legg dei til.

Gullfest
Ordførar Wenche Tislevoll er strålande nøgd med fitjarbuen sin prestasjon. Ikkje berre gjekk flagget til topps ved Rådhuset. Gullfest skal det òg bli, lovar ho. I den samanhengen vil òg ambassadørprisen, som Mariann er den første vinnar av, bli delt ut.

– Mariann har enno ein gong vist at ho er ein ypparleg fitjarambassadør, seier ordføraren som saman med rådmann Atle Tornes svært velvillig stilte opp til fotografering med flagg for å hylla gullvinnaren.

«Fire på gata»

Me spurte òg nokre tilfeldig valde fitjarbuar om kva tankar dei har etter at Mariann har teke gull.

Svein Malvin Maraas

-Dette er eit glimrande eksempel på at Fitjar er rik på verdsmeistre.

Britt Lise Onarheim Volden
– Kjempeflott at nokon frå vetle Fitjar kan vinne gull i Paralympics. Eg er imponert.

Henny Strand

– Kjempesterkt å klare noko sånt. Ein skikkeleg bragd!

Torolf Larsen
– Eg unner Mariann denne gullmedaljen. Ho har jobba skikkeleg hardt. Er imponert.