Fullt hus var det ikkje. Men dei som var til stades under konserten med Idol-Jonas, jubla meir og meir ettersom konserten steig fram. -Dritbra var den mest vanlege kommentaren etterpå. 

Underleg nok var det under den til dels rolege låten "Hurt" som Johnny Cash gjorde kjend, at det verkeleg tok av. Kanskje ikkje så underleg likevel, for Jonas Thomassen fekk ein heilt særegen trøkk på refrenget i denne songen. Og derifrå og ut var det klapping, "hyling og hvin" som på ein god, gamaldags popkonsert. Så Jonas har all grunn til å vera nøgd med vitjinga i Idol-kameraten Ørjan Hatlevik sin heimbygd. Etter konserten var det lang kø for å få autografen til den populære Idol-stjerna.