Fitjar skulekorpset fyller 50 år i år og reiser no til Spania.

Fitjar skulekorps har skifta ut den tjukke uniformen med nye uniforms-T-skjorter og caps. Dei set i dag kursen mot varmare strøk for å delta på ein stor korpsfestival i Barcelona.

Klokka sju i dag tidleg var det mange unge musikanter på veg til Haugesund lufthamn. Dei måtte sjekka inn bagasjen klokka 09.00 på grunn av vektarstreiken. Flyet går først klokka 14.55, så det blir ein lang dag…