Fitjar folkebibliotek vil gjerne invitere til biblioteket torsdag 19.september.

I år feirar Norsk bibliotekforening 100 år. Nasjonalt er det sett i gang ein bibliotekstafett i  samband med dette. Stafettpinnen som blir sendt rundt, er ei lita lampe forma som eit hus med boktak. Tanken er å la ho få stå og skine på bibliotek i heile landet 🙂

Torsdag 19.september kjem stafettpinnen til Fitjar folkebibliotek. -Me har invitert ordføraren og alle 1.klassingane i kommunen. Lyset vil bli tent av Wenche Tislevoll. Ungane får med seg lånekort og eit gåvebrev denne dagen. Det vert lesestund og musikalsk oppleving for 1.klassingane, fortel bibliotekar Silje V. Torbjørnsen til fitjarposten.no

-I biblioteket si opningstid får alle besøkjande kake og kaffi/saft. Dei får også lodd som me trekkjer gevinstar på, legg ho til.

Stafetten starta på Lom bibliotek 21.2.13. http://www.norskbibliotekforening.no/article.php?id=2948