Inne hos Odd Larsen møtte me i dag bokseljar og medforfattar Magnar Kloster i full gang med å selja jubileumsbøker og det nye jubileumskruset til Fitjar.

Kruset kostar 100 kroner, men i dag var det pakketilbod på to krus og ei jubileumsbok for til saman 500 kroner. Magnar Kloster melde om bra omsetnad både av bøker og krus. Det var mykje folk som hadde trassa det sure vêret for å sjå på veteranbilar frå fjern og nær.

Odd Sverre Larsen fortel at det ikkje er for seint å skaffa seg krus for dei som ikkje kom seg ut i dag. I tida framover blir det å få kjøpt hos Larsen Multihandel, Thea  AS og Varehuset Rydland.