Harald Skumsnes inviterer til jubileumskonsert i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, onsdag 4. april.

Deltakarar på konserten vert den kjende pianisten Øyvind Aase som har gjeve konsertar i både inn- og utland, har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester, og gjeve ut i alt ti CD-plater. Den siste plata hans "In Evening Air. Piano Moods 1900-2000" fekk terningkast 6 i BT, hausten 2006. På konserten vil me òg få høyra han spela firhendig med vår eigen eminente pianist, Irene simonsen.

I tillegg til dette vil Stig Espen Hungsnes delta på trompet og Silje Svendsen på fiolin. Begge går for tida på Tonheim folkehøgskole.

Konsertprogrammet inneheld elles stykke av Edvard Grieg, Ludvig van Beethoven, Gunnar Gjerstrøm og Max Bruch.

Det heile skjer altså i Kultursalen, onsdag 4. april, kl. 16,30. Billettpris kr. 100,-