Foreldre, søsken, besteforeldre og andre interesserte fekk sjå og høyre ei flott framføring av julespel då Bakken barnehage arrangerte vennskapsfest i ettermiddag.

Borna kunne utruleg mange songar på rams, dei song taktfast med høge, klare stemmer, og dei viste verkeleg songglede. Dei fleste songane handla om det som hende i Betlehem då Jesus vart fødd.

Ordførar Wenche Tislevoll gav ros for kjempefint program før ho kom med ei helsing frå Fitjar kommune. Ho overrekte blomster og gåvesjekk i høve jubileet som vart feira. I haust er det tretti år sidan Soknerådet sin korttidsbarnehage starta, og fem år sidan heildagsbarnehagen kom i drift. Alle i salen var med då Happy Birthday vart sungen. Formann i eigarstyret, Erling Prestbø, kom og med ei helsing. Han nytta høvet til å takke ordførar og skulesjef for godt samarbeid og støtte. Like viktig var takken til foreldra som viser tillit ved å sende borna til barnehagen i Bakken, og til dei ni som er tilsette der.

Torunn Aarskog, styrar i barnehagen,  takka for all oppmerksomhet, og så sette ho fokus på «Stefanusborna» i Kairo, som nyt godt av pengar som vert samla inn blant anna i Bakken barnehage. Det store åresalet og loddsal på bok i ettermiddag gav på nytt eit viktig bidrag til vennskapsbarnehagen på Søppelfjellet i Kairo, der dei fattige lever av å samle søppel.

Ei god matpause høyrer med på ein festkveld, og  så starta åresalet. Det såg ut som årane gjekk fort unna,  og både  born og vaksne hadde god vinnarlykke. Etterkvart kom nok «Jon Blund» på besøk til dei minste borna, men då var også den flotte festen slutt.