Øvrebygda 4H fyller 30 år i år, og laurdag kveld var gymsalen på Øvrebygda fylt til trengsel. Over 100 møtte opp for å takka gamle eldsjeler i 4H-klubben, og feira dei unge håpefulle 4H-arane som er aktive i dag.

Og alle fekk valuta for pengane, ein strålande fest hadde 4H-klubben stelt i stand for bygdefolket i gymsalen på Øvrebygda skule. Medlemmene stilte, tradisjonen tru, opp prosjektoppgåvene sine, som gav prov på god aktivitet gjennom året som  har gått. Blant oppgåvene fann me bl.a. baking, «mekking», fotografering, soppsanking og forskjellige kjæledyr. Men me fall kanskje mest for ”Garden vår” av Helga J. Raunholm. He må det har vore arbeidd grundig gjennom heile året!

 

Leiar Ingrid Hovstad leidde festen med stødig hand, med god hjelp av Kathrine Korsvik. Dei opna festen med å seia fram 4H-lovnaden i lag med festlyden: ”Eg lovar å arbeida mot det mål å verta ein ungdom med klårt hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse”. Saman med Daniel Moldskred, Gisle Aarbø, Renate Tverderøy og Kristi Rydland utgjer dei styret i jubileumsåret.


Klubbrådgjevar under oppstarten i 1978 var Lars J. Rydland, saman med kona si, Gro Rydland. Han drog festlyden gjennom dei første 20 åra av historia ved hjelp av ein del tilfeldig utvalde lysbilete. Han takka blant andre Odd Bondevik og Harald Sandvik for avgjerande innsats i oppstartsfasen. Gjennom lysbileta fekk me eit levande inntrykk av dei første åra, med fjellturar og andre turar, leirar, landbruksmesse og mykje møteaktivitet. Det første året hadde klubben 26 medlemmer, og utover på 1980-talet auka talet jamt og trutt.  I 1989 var medlemstalet 90; av desse var det 80 som fullførte prosjektoppgåva si. Perioden rundt 1990 var på mange måtar stordomstida til 4H-klubben i Øvrebygda. I 1989 var Øvrebygda 4H den største klubben i Hordaland og fekk krus for ”Årets klubb”.

 

Ein av veteranane, Tom Rydland, kom med ei personleg og humoristisk helsing til festlyden. Han høyrde til det første kullet i Øvrebygda 4H, og i 1985 blei han den første frå klubben som fekk 4H-plaketten. Saman med Roald Lindås, som også var til stades på kveldens jubileumsfest. Tom fortalte at i  arbeidet fram mot plaketten hadde han måtta læra seg gjera ein avtale, laga ein plan, setja opp budsjett og føra rekneskap – og visa fram det han hadde gjort på ei utstilling. – Denne prosessen har eg hatt nytte av kvar einaste dag, fortalte Tom Rydland. Han retta ein personleg takk til leiarane for det arbeidet dei har gjort for ungdom og foreldre i Fitjar.

 

Frå Fitjar kommune helsa ordførar Harald Rydland. Han poengterte at i 4H er dei vaksne rådgjevarar. Det er styret – dvs. ungdommane sjølve – som styrer. Arbeidet i 4H-styret har i løpet av dei siste 30 åra gitt mang ein øvrebygdar verdfull trening i styrearbeid. Leiar Reidar Kloster helsa frå Fitjar Bondelag. Frå Øvrebygda skule helsa rektor Sigbjørn Aarland. Gammal venn av 4H-klubben er òg Fitjar Bondekvinnelag. Alle hadde med seg gåver til 4H-klubben. Siste talar var utsending frå fylkesstyret i 4H Hordaland, Tor Inge Bøthner. Det ikkje spørsmål om 4H vil overleva, meinte han, men om bygdene vil overleva utan 4H.  

 

Bøthner delte ut årets merke til 4H-medlemmene saman med Ingrid Vestbøstad frå Sparebanken Vest. Som sponsar desse merka, i tillegg til å støtta 4H med ei større pengegåve. Aspirantmerket blei delt ut til10 unge og håpefulle, tre fekk bronsemerket og to fekk sølvmerket. Gullmerket gjekk til tre tredje års juniorar. Klubben har berre ein senior i år, Gunn Maraas, som fekk fagskjoldet i bronse. Men med så mange aspirantar kan Øvrebygda 4H sjå framtida lyst i møte, meinte Bøthner.