Fitjar Frivilligsentral sitt 10 årsjubileum vart feira i strålande solskin. Ellinor Bergesen sa at dette er den største arbeidsdagen for ho som dagleg leiar, fordi ho no får gjere heider på dei som er med i det frivillige arbeidet. Få av dei yngre medhjelparane hadde diverre ikkje høve til å vere med på festen.

Fitjar Frivilligsentral starta opp i 1999 med tre frivillige personar. I dag er det 148 kvinner og menn som er med i denne tenesta. Fleirtalet av dei er yngre personar. Det er tydeleg at foreldre veljer å støtte opp om borna sine fritidsaktivitetar. Lista over oppgåver som frivillige hjelper til med er lang. Me nemner nokre av dei: Ope hus, tilsynsvakter i Kultur- og Idrettsbygget, natteravnar, badevakt, kinovakt, rusførebyggjande arbeid, middagskøyring til heimebuande eldre, følgjeteneste til lege osv., besøksvener, kaffistund i Havnahuset, parkurs Godt Samliv.

Gro Jensen Gjerde er styreleiar og ho ønskte velkommen til feiring. Engesund er som kjent ein gammal handels- og gjestgjevarstad. Marit Kleppe fortalde litt om fortida til denne «perla» i Fitjarøyane. Forutan Ellinor Bergesen fekk også Borgny K. Vik stor takk for leiarteneste i Frivilligsentralen. Petter Hoff og Frivilligsentralen sitt styre laga middag, kaffe og kaker til festlyden. Ovnsbakt laks med potetsalat og anna tilbehør smaka fortreffeleg. Sola varma godt då alle samlast  til kaffistund ute. I mellomtida var det høve til å vere med på natursti, song og musikk.

Torvald Ingebretsen takka for ein trivelg ettermiddag i Engesund. Dei frivillige arbeidarane gledde seg over å bli inviterte til fest. Men ein av dei sa: Me gler oss mest over å få gjere noko for andre.

produit anabolisant