KRIK Fitjar markerer sitt 10-årsjubileum i Fitjar kultur- og idrettsbygg fredag 2. desember.

For 10 år sidan vart KRIK Fitjar danna under leiing av kyrkjelydsprest Roald Drønen. KRIK er no eit kjent namn i kommunen vår, og fredag vert det feiring i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Eit ressursteam fra KRIK Hordaland vil då ha ansvar for andakten og treninga, og i tillegg tek ordførar Wenche Tislevoll og Roald Drønen del i programmet.

– Kom, og ta med deg treningsklede og gymsko (dersom du går i 8. klasse eller er eldre), oppmodar kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu.