Søndag 8. januar vert Fitjar Kultur- og Idrettsbygg sitt 10-årsjubileum markert med rikhaldig program.

Markeringa skjer i samband med den store juletrefesten for heile bygda, og det vert eit kulturelt program der mellom anna vår islandske operasongar Runar Thor Gudmundsson vert med. I tillegg vert det kaffi, kaker og åresal.

Fitjar Kultur- og Idrettsbygg vart stifta 6.7. 1999 og opna 17. februar 2001. Fem år etter, 9. september 2006, vart det opning av Kultursalen i bygget.

Kulturhuset fekk ein tøff start på grunn av kraftig reduksjon i forventa spelemidlar. Dette hadde si årsak i nye forskrifter frå Kulturdepartementet.

Men huset står framleis, og stadig nye tilbod er komne til, både for store og små.

Om det var diskusjon rundt bygget i starten, vil nok dei aller fleste fitjarbuar i dag vera samde om at bygda hadde vore fattigare utan Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.