Engevik & Tislevoll heidra i går 30 års jubilantar under julemiddagen sin, og fekk i tillegg vitjing av ei brassgruppe frå Fitjar Skulekorps, som med det takka for gåve.

Jubilantane på biletet ovanfor er f.v: Kjell Tislevoll, Harald Engevik, Kjell Olav Nygård, Svein Olav Raunholm, Magne Malkenes, Torkel Helgaland og Inge Tufteland. Foto: Per Egil Larsen, 

Heller enn gåver til foretningspartnarar, gjev Engevik & Tislevoll AS kvart år ei julegåve til eit lag eller ein organisasjon. Fitjar Skulekorps vart vald ut denne jula og mottok kr 25.000,-.

-Det var ei gåve korpset sette stor pris på,  og som kjem godt med i drifta av korpset som stadig vert større og betre.

Som ei synleg takk stilte ei gruppe frå korpset (Brassanova) og spela juletonar under middagen til Engevik & Tislevoll AS, i går.