25-årsjubilantar og nyutsprungne pensjonistar mellom dei tilsette i Fitjar kommune, vart heidra med middag, gode ord og spennande, kommunal gåve på Fitjar Fjordhotell nyleg.

Med både ordførar og rådmann til stades vart det høgtid under samlinga. Ordførar Wenche Tislevoll hadde i tillegg gjort seg føre og henta inn positive ting om den einskilde jubilant/pensjonist frå arbeidsplassen deira.

Desse opplysningane nytta ho då ho takka kvar og ein av jubilantane. Ord som varma og gav ei god oppleving av at det ein hadde gjort i tenesta for kommunen, vart sett pris på.

Fitjar Fjordhotell skal krediterast for nydeleg mat og god service.