Det vanka både medalje for lang og tru teneste og gullklokke til nokre av dei tilsette under Engevik & Tislevoll AS sitt julebord på Fitjar fjordhotell, fredag. Dei som fekk "Norges vel sin medalje for lang og tro tjeneste" var Martin Strand, Magne Johannes Tislevoll og Geirmund Engevik. Alle har dei jobba 30 år eller meir i bedrifta.

I tillegg fekk Kjell Olav Nygård gullklokke for 25 års teneste.